 Ingrid Christoffersen |  Annika Suominen |  Tina Cecilie Hauger |
Forrige
kamp vi spelte mot Fjell endte resultatet på utrulige 25-0 til Bergens
flottaste innebandylag. Kanskje vi var for høge på oss sjølv, kanskje vi er lei
av å vinne med så bra resultat; eitt eller anna var det i alle fall som gjorde
til at vi ikkje klarte å prestere like bra denne gongen. Så veldig gale kan ein vel eigentlig ikkje
sei at det gjekk, vi vann tross alt 14-3, men å sei at heile laget fungerte
optimalt kan ein heller ikkje seie.
Vi spelte
relativt svakt frå start (noko vi som oftast plar å gjere), men kampen kom
aldri skikkelig i gang. Det var tider der det var så vakkert spel frå Djerv si
side at underteikna hadde klump i halsen, men i resten av kampen var det ikkje
stort betre enn OK.
Fjell
utnytta vårt sjanglande spel til det fulle og det var fleire gangar dei rett og
slett var litt trugande. Hadde Fjell hatt eit betre angrepsspel så kunne dagens
resultat vore noko heilt anna. Dei gjekk i kropp, dei kontra og gjorde ein del
riktige bevegelsar som finta ut Djervs bakre tropp. Synd for Fjell at Djerv har
ei maskin i mål som ikkje lar seg lure så lett.
Alt i alt
var vi nok aldri særskilt redde for at Fjell skulle ta over kampen, men i neste
kamp skal vi nok ikkje la dei ta så mykje kontroll.
Forfattar: A. L. Skaar
| Copyleft © Djerv innebandy 2006 |
|
|